LibreOffice 7.1 Hjelp
Her kan du setja alternativa for innrykk, avstand og justering for den nummererte lista eller punktlista.
Merk nivået eller nivåa du vil endra. For å bruka innstillingane på alle nivåa, merk «1–10». I kapittelnummerering kan du velja berre eitt nivå eller bruka «1–10» for å bruka innstillingane, unntatt avsnittsstil, på alle nivå.
Denne sida viser posisjonskontrollane brukte i alle versjonar av LibreOffice Writer. Nokre dokument, laga med andre program, brukar andre måtar for å plassering og avstand. Viss du opnar slike dokument vert posisjonskontrollane som er dokumentert i Posisjon for listestilar (eldre) viste.
Skriv inn avstanden frå venstremargen som nummereringssymbolet skal justerast til.
Set justeringa for nummereringssymbola. Vel «Venstre» for å justera symbola til å byrja rett ved posisjonen i «Juster til». Vel «Høgre» for å justera symbola til å slutta rett før denne posisjonen. Vel «Midtstilt» for å midtstille symbolet ved denne posisjonen.
Justering av nummereringa påverkar ikkje justeringa av avsnittet.
Vel elementet som skal følgja nummereringa: ein tabulator, eit mellomrom, eit linjeskift eller ingenting.
Viss du vel at ein tabulator skal følgja nummereringa, kan du fylla inn ein positiv verdi som plassering for tabulatoren.
Skriv inn avstanden frå venstremargen til byrjinga av alle linjene i det nummererte avsnittet som følgjer første den linja.
Stiller tilbake verdiane for innrykk og mellomrom til standardverdiane.
Desse kontrollane kjem fram berre når du endrar ein listestil.